Festen

Serie / 2019–2020
3/5

Sesong to av den svenske ungdomsserien Festen runda av for ikkje lenge sidan. Og med strøymetenesta til SVT tilgjengeleg for oss i Noreg, så blei det til å sjå serien derifrå denne gongen. Ei litt anna oppleving, då det er mykje svensk slang som i beste fall blir leseleg på undertekstane.

Festen handlar om ei gruppe ungdommar i første sesong blir involvert i ein skyteepisode på ein fest. Den første sesongen viser eit frampeik til festen, og byggjer forløpet opp stykkvis over ni episodar. Ungdommane er ei blanding med foreldre frå Sverige og andre land, og handlinga går føre seg i Malmø. Ein svensk by som ikkje er kjent for å vere den tryggaste.

Serien er gripande og seriøs. Han er godt laga, og blir meir enn berre ein uskuldig ungdomsserie. Karakterane er samansette, og spelt av handplukka skodespelarar. Dette kjem endå meir til rette i andre sesongen meiner eg. I han er handlinga lagt til ei stund etter festen, og korleis livet til dei ulike går vidare. Ikkje utan problem knytt til episoden som skjedde. Og nye problem blir introdusert, sånn at serien ikkje blir ein repetisjon av gammalt materiale.

Dette er ein serie som går fort unna, og byr på godt drama. Sverige er både nærme, men også fjernt. Dette gjer at handlinga i Festen balanserer med å gå innpå meg og by på god underhaldning som fiksjonen det er.

Festen 2019-2020 plakat - Filmdagbok