Fetching Cody

Film · 2005 · · 17. mars 2015
2/5

Fetching Cody har mykje av det eg ikkje likar i ein film. Det er ein film som kjennest billeg, gir ei uggen stemning, og attpåtil handlar om øydelagde liv. Her som følger av narkotika.

Det vesle interessante aspektet ved Fetching Cody er science fiction-biten omkring tidsreise. Som også var grunnen til at eg gav filmen ein sjanse.

Fyren i hovudrolla mistar kjærasten som følger av ein heroinoverdose, og prøver å rette opp i dette ved å dra tilbake i tid og endre tidslinja. Ikkje overraskande har endringane ulike konsekvensar, noko eg ikkje kjem til å gå vidare innpå her, men som utgjer ein del av tanken til filmen.

Det er altså ikkje historia som først og fremst er å mislike, men utføringa. Og det er i grunn alt eg treng å skrive om Fetching Cody. Som ikkje får ta meir tid av mitt liv.

IMDb-logo
Fetching Cody 2005 plakat - Filmdagbok