Fight Club

Ein ung og urban fyr som arbeidar for ein bilfabrikk har søvnproblem. Han oppsøker ei supportgruppe i håp om å kunne uttrykke sine kjensler, og kunne få sove.

I ei slik gruppe møter han Marla, som gjer som han og går til fleire grupper. Han lærer at ho ikkje har nokon problem, og får eit problem med at ho er der. Fordi han veit at ho ikkje har eit problem, minskar også effekten ved å lytte på dei andre sine problem.

Så møter fyren Tyler Durden, ein mann som produserer såper. Han er ei strak motsetning til vår hovudrolle. Omstenda har det til at vår fyr flytter inn hjå Tyler.

Ein situasjon oppstår der desse ho hamnar i tottane på kvarandre. Og sjølv om dei skværar opp, så får dei utbytte av slåstinga og held fram med dette som terapi. Andre får nyss om slåstinga og det blir etter kvart danna ein hemmeleg slåstklubb, ein fight club.

Det er ikkje berre klubben som veks, men også omfanget av kva dei driv med. Ting går rett og slett litt ut av kontroll.

Eg hugsar eg høyrte ting om Fight Club når filmen kom. Eg var ikkje meir enn 14 år den gongen, og litt for ung, så det er klart at filmen gjorde seg notert ved lansering.

Få år seinare såg eg filmen, og blei både imponert og litt sjokkert. Det er ein galen film, men også så mørk og humoristisk i galskapen.

Denne i lag med American History X gjorde at eg aldri har gløymt kven Edward Norton er. Her gjer han ein god jobb i lag med Brad Pitt.

Dette er også ein av filmane eg ikkje har irritert meg over at Helena Bonham Carter har spelt ein spesiell karakter i. Noko som sannsynlegvis har med å gjere at dette er ein meir seriøs spesiell karakter enn det ho vanlegvis er i filmane til Tim Burton.

Det kan hende filmen er ein kritikk mot samfunnet og sånne greier, men det bryr meg eigentleg lite. Også det at han er kynisk og fæl. Det er forma, humoren og det andre drastiske som gjer dette til den gode filmen det er.

Fight Club 1999 plakat - Filmdagbok

Publisert

10. august 2012 av

Regissør

David Fincher

Manusforfattarar

Chuck Palahniuk, Jim Uhls

Skodespelarar

Edward Norton (I), Brad Pitt, Meat Loaf, Zach Grenier, Richmond Arquette, David Andrews (I), George Maguire (I), Eugenie Bondurant, Helena Bonham Carter, Christina CabotVis alle 80 skodespelarar

Sjanger

Drama

Land

USA, Tyskland

IMDb

IMDb-side om Fight Club