Final Destination 3

Etterfølgaren til Final Destination 2 baserer seg på det same som forgjengarane sine, og serverer sprø dødsfall på rad og rekke. Første gang var det eit fly, andre gong var det ein biltur, og denne gongen er det ei berg- og dalbane.

Det er med andre ord ikkje nokon revolusjonerande film, og når det heile blir gjennomført med ein gjeng ukjente fjes, gjerne med bakgrunn frå tv, er det ikkje å forvente noko spesielt her. Som underhaldning og ungdomsfilm er det heilt greitt, og likevel om eg har sett historia før var det artig å sjå ho igjen.

Måten folk dør på her er svært så blodig og grotesk, men ikkje grufull på den måten som Saw II gjorde det. Her er det ei overnaturleg kraft som set i gang det heile, og tanken om at det ikkje er menneske som står bak drapa lettar nok trykket. Oppbygginga rundt kvar enkelt drapshandling er godt detaljert, men kan til ei viss grad finne på å overraske.

Forvent med andre ord ikkje anna enn det du har sett i dei to første Final Destination-filmane. Legg merke produktplasseringa av Apple Mac og iPod, Panasonic digitalkamera og Motorola Razr. Fiffig.

Final Destination 3 2006 plakat - Filmdagbok