Finding Forrester

I tillegg til The Legend of Bagger Vance er dette ein av mine favorittar blant filmar som gir ei god kjensle. Gus Van Sant har servert nok gode filmar på fatet mitt til at eg får lyst til å sjå resten av hans filmar.

Dette var ikkje første gongen eg såg filmen, og med tanke på det rolege tempoet var det ein sjanse å ta for at filmen skulle fengja like bra no. Men dette er kvalitet. Sean Connery er på kanten, eg veit ikkje om eg kan heilt godta spelemåten hans på som den avdanka forfattaren me møter her.

Oppfølgjarar til denne type film er sjeldan, men eg kunne godt tenke meg ein.

Finding Forrester 2000 plakat - Filmdagbok