Finding Normal

På veg med bil frå Los Angeles til New York blir Dr. Lisa Leland stoppa i fartskontroll i ei lita sørstatsbygd på 300 innbyggjarar. Som seg hør og bør i ein komedie med dette utgangspunktet, hatar ho plassen. Men ho må bli, for straffa hennar blir 16 timer med sivilteneste som ho må gjere som lege i bygda.

Dette er ein typisk film om å sette det enkle livet, langt unna storbyen, over bylivet. Ein dose forkynning har dei også fått plass til. Og sjølv om eg er ueinig i det som filmen vil sei med dette, ser eg gleda i å kunne velja det livet som passar meg best.

Candace Cameron Bure spelar hovudrolla i filmen, og er for meg like ukjent som resten av besetninga. Dei gjer ein grei jobb, det er ingen som utmerker seg som spesielt interessante for framtidig filmsjåing, og ingen som utmerker seg som negative.

Finding Normal er nok så midt på treet og maks grei nok at han sannsynlegvis vil bli gløymt fort. Eg får ingen inspirasjon til ettertanke, men greier meg når det pågår. Litt kjedeleg innimellom.

Finding Normal 2013 plakat - Filmdagbok