Finding 'Ohana

Film · 2021 · · 24. august 2021
3/5

Ein familie med mor, son og dotter dreg frå Brooklyn til Hawaii for å besøke bestefaren. Livet deira blir kort introdusert med at dottera er interessert i geocaching, sonen er ein plagsam storebror, og mora har ikkje tid til dei.

På Hawaii kjem dotter over ei gammal dagbok som kan føre til ein legendarisk skatt. Ho får seg nokon nye venner, og dreg på skattejakt.

Ohana er ei hawaiisk omgrep som tyder familie. Og denne tematikken har sin plass ved sidan av eventyret ungane og ungdommane legg ut på.

Eg skal ikkje røpe noko meir om handlinga. Finding 'Ohana er tradisjonell nok på innhaldet og oppbygginga til at det eg allereie har sagt seier mykje. Filmen er godt gjennomført på mange måtar. Eg likte først og fremst at han framstod som ekte, spelt inn på lokasjonar og med bygde filmsett. Det tilsynelatande fråveret av scener spelt inn framfor grøn skjerm gir liv til det som skjer, og er med på å løfte filmen til noko minneverdig.

Humoren og timingen av komiske innslag sit godt. Filmen har ei god oppbygging som er lett å følgje. Dei ulike innslaga som utgjer filmen heng også saman på tvers.

Eg forventar ikkje nyskaping eller ei historie som går eigne vegar, og blir soleis ikkje skuffa av at filmen i store trekk er føreseieleg. Men eg forventa kanskje heller ikkje ein så velforseggjort produsert filmen, og blei positivt overraska over det.

The Goonies er den einaste filmen eg kjem på til samanlikning som leverer mykje av det same når det gjeld spennande filmsett. Men det er for lenge sidan eg såg han til at eg kan setje dei opp mot kvarandre på andre områder. Eg trur likevel at å plassere Finding 'Ohana i same bås kan tydeleggjere barn og unge som målgruppe, og typen eventyrleg film dette er.

Les også meldingar på filmparadiset.se (svensk) og trailertrashedfilm.com (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Finding 'Ohana 2021 plakat - Filmdagbok