Firefly (2002–2003)

Serie / 16. april 2008
4/5

Så var det igjen på tide med eit gjensyn av denne altfor korte serien, som utruleg nok fekk ein film som oppfølgjar og usannsynlig, men vonleg får endå meir i framtida å vise til. Eg lever i håpet.

Firefly er Buffy the Vampire Slayer-skaparen Joss Whedon sitt science fiction- og westernbarn med stort potensiale der berre små bitar får sjansen til å bli utforska. Captain Malcolm Reynolds (Nathan Fillion) med mannskap, eit fargerikt og fornøyeleg persongalleri med einaste til felles at dei er vanskeleg å sette i bås, valfartar frå planet til planet i romskipet Serenity — eit 03-K64-Firefly type romskip for å spesifisere.

Dei ulike planetane har likskapar med små byar i ville vesten-historier og likskapane sluttar heller ikkje her. Firefly gir science fiction ei brun jakke og framstiller eit folk med fantastiske teknologiske utvinningar som usivilisert og tøft å ferdast i blant, her ligg det sjølvsagt rom for mykje fart og spenning, men også humor og utradisjonelle vendingar.

I løpet av sine fjorten episodar klarer denne serien å skape utgangspunktet for ein eigen mytologi eller univers av planetar, folk og historier. Til grunne for forholdet Malcolm Reynolds har til den mest siviliserte, men akk så mørke delen av universsamfunnet — Alliansen — ligg ein verdsromsleg borgarkrig mellom nettopp Alliansen og Dei Sjølvstendige som me berre får vite smakebitar frå. Nok igjen ein snev av western, med røter i fakta framfor fiksjon, eg tenker sjølvsagt på borgarkrigen i Nord-Amerika.

Romskipet Serenity får i byrjinga av serien to nye passasjerar viss historie måtte fortsette i filmen Serenity for å spele seg ut vidare mot ei avslutting. At Simon (Sean Maher) og River (Summer Glau), som passasjerane heiter, er rota til ein del trøbbel er ikkje å legge skjul på, men den største gleda av å følge serien ligg i at kvar enkelt episode enten leverer solid spenning, spenning og nye historiske spor, spenning og Simon/River-historie. Du ser mønsteret — det er alltid spennande uansett kva som måtte skje.

Det er lett å skryte av ein serie, gjerne fordi du helst ser ferdig dei seriane du likar og kuttar ut dei du ikkje likar og dermed har lite å sei om dei. Igjen blir fokuset dei ferdige og då med skryt for ikkje å dumme deg sjølv ut ved å innrømme at du har brukt tid på noko du eigentleg ikkje likar — kven vil finne på slikt?

Skrytet til Firefly er velfortent, i lag med Battlestar Galactica er det min science fiction-favoritt, med ein knapp på Firefly. Alt blir ikkje forklart så godt som eg skulle ønske, på grunn av den avgrensa sesongen, men her ligg også litt av mystikken som gjer at dette blir sittande som ei så positiv oppleving med lysta på meir.

Eg vil også nemna på tampen at eg har sett Firefly to gonger før, noko eg nemner for å kunne uttrykke at eg ikkje berre synst dette er ein fin serie i rushet etter å ha fullført serien, men at denne overraskar ved å vere like solid ved eit gjensyn som han gav inntrykk av å vere førre gangen eg så han.

Firefly 2002-2003 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Firefly

Skapar

Joss Whedon

Skodespelarar

Nathan Fillion, Gina Torres, Alan Tudyk, Morena Baccarin, Adam Baldwin (I), Jewel Staite, Sean Maher, Summer Glau, Ron Glass, Christina Hendricks

Sjangrar

Drama, Eventyr, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Firefly

Forfattar