First Daughter

Film · 2004 · · 9. november 2006
2/5

Innpakka med ei eventyraktig forteljarstemme gir First Daughter eit heller altfor romantisert bilde av tilværet til dottera til ein oppdikta president.

Målet med filmen var å finne ut om Katie Holmes kunne klare ein film på eigne bein. Ho leverer delvis ei god rolle som first daughter, men det blir aldri nokon sjanse å verkeleg vurdere det, for filmen i seg sjølv er noko drit. Så inntrykket mitt så lang er at, med unntak av Pieces of April, så har ikkje dama inne anna enn å spele Joey-liknande roller. Joey frå Dawson's Creek.

Det som gjorde at filmen ikkje var fullstendig uappetittleg var Michael Keaton i rolla som presidenten, i måten ansiktet og haldninga hans utstråla både autoritet, varme, farsfigur og litt mystikk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
First Daughter 2004 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Katie Holmes (I)Marc BlucasAmerieVis alle

Sjangrar

Land