Fitzcarraldo

Fitzcarraldo med Klaus Kinski er blant dei ypparste filmane til Werner Herzog. Det handlar om ein stormannsgal type som insisterer på å bygge ein opera midt i jungelen.

Klaus Kinski er eit legendarisk godt val av skodespelar til ei slik rolle. Werner Herzog og Klaus Kinski har gjort mange flotte filmar i lag, om enn eit anstrengt personleg forhold i følge historia.

For å komme seg fram til ein ønska stad i jungelen legg fyren Fitzcarraldo i veg med eit dampskip. Plakaten viser det mogleg største hinderet han vil at dei skal komme forbi, då dei må frakte skipet over ein åskam for å holde fram.

Det er sagt at filminga av Fitzcarraldo er nesten like vill som vist på film, og med denne kunnskapen i bakhand blir faktisk dette ei endå sterkare og meir imponerande filmoppleving. Eg kan ikkje gjere mykje meir enn å skryte og anbefale denne vidare.

Fitzcarraldo 1982 plakat - Filmdagbok