Five Days

Serie / 2007–2010
3/5

Five Days er ein todelt sak. To sesongar og to ulike historier. Den første er klart den beste, den andre er ein svak etterslepar. Begge sesongane handlar om politietterforsking, fordelt over fem dagar.

I første sesong handlar det om ei forsvinning. Ei mor blir borte, og etterlet seg barna sine. Det er få spor etter kor ho kan ha blitt av. Og sesongane handlar om etterforskinga i dei nære dagane etter hendinga først, deretter mange månader etterpå. Dette blir ingen favoritt for meg, men er greit nok til britisk politiserie å vere.

I andre sesong blir eit barn etterlate på eit sjukehus, og ein person blir påkøyrt av eit tog. Fleire andre små historier er blanda inn i dette, og me følger også her ei etterforsking i nære dagar, og lengre tid etter. Det er lite å interessere seg i her. Historia verkar for tynt påsmurt, spreidd, og utan ein bestemt tråd som kan gi ei gripande spenning til å halde interessa oppe på tvers av sesongen.

Eg vil rå mot å sjå den andre sesongen, mens den første er kurant om du har sansen for den spesielle stilen britisk krim pleier å inneha.

Five Days 2007-2010 plakat - Filmdagbok

Publisert

2. februar 2016 av

Merkelappar

HBO, BBC

Skapar

Gwyneth Hughes

Skodespelarar

Suranne Jones, Lee Massey, Michelle Bonnard, David Oyelowo, Luke Hudson, Anne Reid, Tyler Anthony, Penelope Wilton, Sarah Smart, Shivani GhaiVis alle 98 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Drama, Mysterium, Thriller

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Five Days