Fjols til fjells

Med Fjols til fjells så rundar eg av det som har blitt til eit årelangt prosjekt, nemleg å sjå alle filmane til Edith Carlmar. Det starta som tilfeldig, men etter kvart som eg såg fleire oppdaga eg at det var gamle og norske filmar eg likte.

Fjols til fjells er ein høgfjellskomedie med Leif Juster i hovudrolla som den dagleg leiaren Poppe, og god støtte frå Unni Bernhoft som pikkolo under dekke og dotter av hotelleigaren. Handlinga går føre seg på eit høgfjellshotell. Problema for Poppe startar når ein gjest som liknar ein kjent skodespelar dukkar opp. Skodespelaren sin ankomst er også forventa, og Poppe blandar dei to og trur det er ein og same person. Forviklingane vil stå i kø på grunn av dette.

Humoren er enkel. Forviklingane kunne ha blitt irriterande, men unngår heldigvis dette. Det er nok fordi overdrivinga blir halde på eit greitt nivå. Det er litt i overkant og skal vere slik, fordi det er ein sånn type komedie, men det er ikkje for mykje av det. På mange måtar tykkjer eg at filmen har halde seg godt. Det er litt som å sjå teater på film, men det handlar meir om stilen, og han kan eg godta.

Filmen føyer seg inn i rekka som like god som alle dei andre filmane til Edith Carlmar. Ei rekke filmar som er passe forskjellige, og kor dette skil seg ut som den mest reindyrka komedie av dei. Er du open for litt eldre norske filmar, så kan eg anbefale hennar filmar.

Fjols til fjells 1957 plakat - Filmdagbok