Flags of Our Fathers

Film · 2006 · · 26. desember 2006
4/5

Dette var langt betre enn forventa. Eg er alltid skeptisk til film om andre verdskrig, men skauv desse kjenslene så godt unna eg kunne før eg sat meg ned med den første av Clint Eastwood sine to krigsfilmar om hendingane på Iwo Jima. Og det lønna seg, for dette var saker.

Her er det solide dosar maskingevær og trauma, samt politikk. Men det er også ein film som stikk djupare i tolkinga av kva ein helt eigentleg er. Filmen handlar om ei gruppe soldatar som var med å sette opp eit flagg på den høgste toppen på den japanske øya Iwo Jima, og som blei avbilda og raskt gjort til amerikanske heltar som direkte årsak av dette. Dei finn seg ikkje til rette som heltar og kan ikkje skjønne kvifor dei, som ikkje gjorde anna enn å overleve, skal bli sett høgare enn andre soldatar.

Med sine to timar har heller ikkje filmen overdrive lengda til krigsfilm å vere, og det blir god tid til å gå i djupna på kva som skjer på øya, helteturneen i ettertid og det avsluttande kapittelet. Ingen ting tykkjer å vere gjort unødvendig og eg fann meg sjølv i å sitje som oppslukt den siste halvtimen, utan tanke om anna. No ser eg svært mykje fram til Letters from Iwo Jima, som eg trur kan bli betre enn denne til og med.

IMDb-logo
Flags of Our Fathers 2006 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Ryan PhillippeJesse Bradford (I)Adam Beach (I)Vis alle

Sjangrar

ActionEventyrDramaVis alle

Land