Flaked (2016–2017)

Serie / 2. juni 2017
3/5

Will Arnett viser seg som ein meir seriøs skodespelar i Flaked, som går fram og tilbake mellom komedie og drama.

Miljøet er Venice, Sør-California. Will Arnett er ein sober alkoholikar med ein krakkebutikk. Nettverket hans består av fleire sobre alkoholikarar. Overraskande og positivt nok handlar ikkje serien så altfor mykje om at desse folka er ei hårsbreidd unna å gå tilbake til drikkinga.

Eg hadde lest litt om serien på førehand, og visste at dette var litt drama, men tenkte ikkje at variasjonen mellom komedien og dramaet skulle bli så stor som han er innimellom. Flaked skapar med dette, med miljøet sitt og med eit flott rollegalleri si eiga greie.

Will Arnett spelar ein kjent og moderne variant av god person, men med sine feil. Eit grep for å gjere det menneskeleg, eller ei sjuk trong til å sjå andre feile. Eg har ingen aning lenger om kva årsaka er. Men eg har sansen for dei gode sidene ved han, og ser ingen motivasjon i dei dårlege. Det eg ser er ein øydeleggande altruisme, men eg skal ikkje utdjupe meir i fare for å avsløre handlinga til serien.

Visst er serien altså full av øydelagde menneske, men når eg vel å glede meg over dei gode delene av serien, så er ikkje Flaked så aller verst alt i alt.

Flaked 2016-2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Netflix

Skaparar

Will Arnett, Mark Chappell

Skodespelarar

Will Arnett, David Sullivan (IX), Ruth Kearney, George Basil, Robert Wisdom, Lina Esco, Dennis Gubbins, Travis Mills, Elisabeth Röhm, Lenora Crichlow

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Flaked

Forfattar