Flåklypa Grand Prix

Film · 1975 · · 17. september 2007
3/5

Flåklypa Grand Prix er ein klassikar i norsk filmhistorie, og ein artig animasjonsfilm som brukar punktfotograferingsmetoden. Ivo Caprino står bak filmen, som handlar om ein oppfinnar som skal delta i eit racerbilløp.

Årsaka til at oppfinnaren Reodor Felgen vil konkurrere i løpet, er fordi ein tidlegare venn av han har stole teikningane hans av ein bil. Filmen er basert på karakterane og det oppdikta universet av Kjell Aukrust.

Ein artig detalj knytt til denne filmen, er at han har hatt fleire kinopublikummarar på kino i Noreg enn det er innbyggjarar i Noreg. Filmen har gått på kino i fleire omgangar, og blei blant anna pussa opp i 1995.

Animasjonen er fin, detaljane er herlege og historia er lett og artig. Flåklypa Grand Prix er ein god film på alle måtar. Filmen tok over fem år å lage, så her ligg det godt handverk bak. Ein anbefalt film å sjå.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Flåklypa Grand Prix 1975 plakat - Filmdagbok