Flaming Star

Film · 1960 · · 14. mars 2014
3/5

Flaming Star var den første filmen med Elvis Presley til berre å innehalde færre musikalske framføringar, og hadde berre eit songnummer i tillegg til tittelsongen i introduksjonen. Som ein reindyrka western er også dette blant dei dramatiske filmrollane til Elvis Presley, som den halvt kvite og halvt indianaren Pacer Burton.

Filmen handlar om dei vanskelege omstenda til familien Burton. Folka i den næraste bygda er mindre vennlege mot dei ettersom Sam (John McIntire), Pacers far, er gift med ei indianarkvinne. Samtidig truar ei indianarstamme freden til dei nærliggande gardane. Herjingar og drap rammar venner av Burton-familien.

Pacer står med eit midt i oppi det, og kjemper ein indre kamp når hans to opphav drar han i kvar si retning. Det er nettopp denne delen av filmen som gir Flaming Star det vesle og nødvendige ekstra, som hevar filmen over det enkle som indianar mot kvit hadde blitt åleine. For sjølv om det er plass til å framstille indianarane si side av saka, i tillegg til faren som dei kvite står over, så er gangen forholdsvis enkelt framstilt.

Den overhengande seriøse tonen manglar, og den store dramatikken sit ikkje helt som støypt. Men Elvis Presley gjer ei god rolle, og Pacer er både komplisert og sympatisk nok til å bere filmen til enden av vegen.

IMDb-logo
Flaming Star 1960 plakat - Filmdagbok