Fleabag

Serie
2016–2019
3/5

Fleabag er ein serie eg byrja på i 2017, men ikkje hugsar noko av frå første sesong. Han stakk seg ikkje ut i mengda. Når andre sesong fekk skryt og nominasjonar, lurte eg på kva det kunne vere basert på. Men eg trudde ikkje heilt at det betydde noko.

Når eg no har sett den andre sesongen, så kan eg sei at eg likte det eg såg. Men han er ikkje noko utanom det vanlege. Det er seks artige episodar med morosame skodespelarar. Det er betre enn første sesong, men ikkje noko eg vil plassere på mi eiga toppliste for 2019.

Fleabag er som ein god britisk komedie kort og komplett. Om og når det kjem ein ny sesong er uføreseieleg. Det er uforpliktande med tanke på tidsbruken å setje seg ned med. Alt dette likar eg med britisk komedie og med Fleabag.

  • Fleabag 2016-2019 plakat - Filmdagbok
  • Fleabag 2016-2019 plakat - Filmdagbok