Flight of the Conchords: Live in London

Film / 2018
4/5

Sidan eg oppdaga Flight of the Conchords i 2007 med tv-serien deira, Flight of the Conchords, har eg vore fan. Ikkje berre av gruppa, men også av skodespelarane og humoren dei får fram ved omtrent berre ved å vere til stades.

Flight of the Conchords: Live in London er eit konsertopptak frå London som kom i 2018. Her framfører dei mange nye songar, og nokre gamle. Sceneshowet deira er forteljing av anekdotar og vitsar mellom songane. Det er nesten den same type komedie som det var for 10 år sidan, men akkurat så fornya at det verkar nytt. Sidan det er så mange år sidan eg har sett nytt materiale frå Flight of the Conchords, så fungerer dette også som ei gjenforeining for meg.

Flight of the Conchords: Live in London slår ikkje feil om du likar gruppa eller humoristiske visesongar, klovning og sjølvironi.

Flight of the Conchords: Live in London 2018 plakat - Filmdagbok