Flipped

Flipped er eit fint drama som formidlar historia om ei barndomsforelsking på godt vis. Inntrykket opplevingane må ha på jenta og guten blir framstilt som like viktig som vaksen forelsking ofte blir på film, på ein truverdig måte som gjer at effekten er sterk.

Unge menneske er lettare å påverka, dersom du er i rett posisjon. Feil val kan over lengre tid føre til at liv tar uønskte retningar. Flipped blir god fordi han gjer alvor av konsekvensane som kunne ha blitt tolka som barnslege. Samtidig får me stadig inntrykk om at det er eit håp, og at det bak feige ansikt og barnslege handlingar er noko meir.

Jenta og guten, Juli og Bryce, er naboar. Frå den dagen Bryce flyttar inn tvers over gata frå Juli, er ho i hælane hans. Gjennom filmen byter me fram og tilbake i point of view og får hans og hennar syn på episodar som speler seg ut i åra frå 2. til 8. klasse. Synet til Bryce på Juli som plagsam. Og synet til Juli på Bryce som redd for å vise at han likar henne.

Modningsprosessen er kjerna i Flipped, ei stadig forming av personlegdommar og tilføring av kunnskapar som er med på å drive filmen framover. I eit tempo som gjer at du vil ha meir, og på ein måte som gjer at du set pris på vegen etter kvart som han blir til. Målet i seg sjølv er ikkje det viktige her.

Flipped 2010 plakat - Filmdagbok