Flirting with Disaster

Film · 1996 · · 31. januar 2014
3/5

Mel (Ben Stiller) og Nancy (Patricia Arquette) har nyleg fått sitt første barn, men Mel klarer ikkje å bestemme seg for namnet. Han er sjølv adoptert, og meiner at han må møte dei biologiske foreldra sine før han får bestemt seg.

I lag med Tina (Téa Leoni) frå adopsjonsbyrået han blei levert gjennom, drar han med kone og barn for å møte mor si. Reisa og møte blir prega av feil, og det å møte sine biologiske foreldre blir både mykje stress og vrient å få til.

Flirting with Disaster tar aldri av, men leverer litt artige scener og eit par minneverdige møter. Samlinga av kjente skodespelarar spelar ei større rolle for gleda for min del, men det er det indirekte dei andre gode filmane til desse skodespelarane som står for.

Filmen er eit trygt val blant lune komediar frå 1990-talet, og skal få eit anerkjennande nikk for å balansere fint mellom seriøs historie og tull, utan å bli tåpeleg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Flirting with Disaster 1996 plakat - Filmdagbok