Flowers and Trees

Film · 1932 · · 10. januar 2021
3/5

Flowers and Trees er ein kort animasjonsfilm frå Disney i serien av Silly Symphony-filmar. Dette er ein serie der musikken spelar ei stor rolle, og i Flowers and Trees er det ikkje noko vokal av nokon form i det heile.

Dette er ei festleg framstilling av samspelet i naturen, i overdrive form. Blomster og tre får menneskelege eigenskapar, og framfører elegante dansar. Så dukkar opp ein vond trestubbe som set i gong ein farleg brann, og dei snille i skogen må kjempe mot brannen på det mest oppfinnsame vis.

Silly Symphony-filmane er korte saker som ikkje legg opp til for mykje å skrive om. Det er ofte enten eller om det er artig. Og eg vil sei at Flowers and Trees er artig. Når det gjeld om filmen har djupne eller ikkje, så får eg lite djupare meining ut av han. Det går an å sjå på dette som eit overdrive bilde på samspel i naturen, men det gir ikkje meining med tanke på at ei tre frir til eit anna tre på slutten. Så her er det mykje moro for moro skuld også.

Les ei anna melding på fantasticmoviemusings.com.
Flowers and Trees 1932 plakat - Filmdagbok