Flushed Away

Film · 2006 · · 28. desember 2006
4/5

Nyaste sprellet frå Aardman Animations er ein fullverdig animert film, altså ikkje den tradisjonelle modelleirevarianten selskapet vanlegvis held seg til.

Årsaka ligg ikkje i modernisering, det ville simpelt hen bli umogleg å modellere vatn til desse grader, eller bruke vanleg vatn som er skadeleg for modelleire. Stilen er likevel behalde, og detaljane er så gode at enkelte sniglar ser meir modelleireaktige ut enn deler av Wallace & Gromit-filmen gjorde.

Animasjonsfilm eller leire, dette er ein rimeleg rett fram eventyrfilm. Helten Roddy blir ufriviljug trekt ned i do, møter ei jente, støyter på ein vond og mektig skurk, må redde rottehovudstaden frå total undergang, og lengtar heim. Gjennomført med silkehanskar og eit auge for detalj, masse referansar og god britisk humor overraska filmen positivt etter filmtraileren tidlegare skuffa.

Som vanleg har blitt i animasjonsfilmar har også Flushed Away søte og tøffe små hjelparar. Madagascar hadde pingvinane, Ice Age hadde ekornet, og Flushed Away har stilige sniglar som kan synge.

Den beste animasjonsfilmen i år blir eit vanskeleg val. Cars eller Flushed Away.

Flushed Away 2006 plakat - Filmdagbok