Flying Padre

Film · 1951 · · 2. april 2007
2/5

Den første filmen til Stanley Kubrick var Flying Padre. Padre er spansk (og italiensk) for fader, så dette her handlar altså om ein fader, og i dette tilfelle ein flygande prest. Flygande som i eit privat, motorisert fly, som den aktuelle Fred Stadmueller brukar til å nå folk i sitt store bispedømme.

Ikkje spesielt interessant, men heldigvis berre åtte minuttar lang. Dessutan minner dette meg mistenkeleg mykje om ein episode av gode, gamle Skippy the Bush Kangaroo. Mest på grunn av likskapen mellom helikopteret der og flyet her.

IMDb-logo
Flying Padre 1951 plakat - Filmdagbok