For Your Consideration

Vanlegvis prøver eg å opne positivt for å trekke litt interesse mot ein film eg skriv om. Når det ikkje går, så er det like greit å legge vekt på det motsette. I dette tilfelle skal eg så godt som råd prøve å slakte filmen eg har sett, så sant eg ikkje gir opp.

For Your Consideration er ein komedie. Humoren ligg i å prøve å framstille filmproduksjonen i historia som patetisk ved å vise til dårlege on screen-prestasjonar og tragiske rollefigurar. Det som skjer når filmen ikkje har humor sjølv, så blir desse sidene overført frå den fiktive filmen til den ekte.

Eg såg fort kor det bar, og kunne skrudd av for å spart meg sjølv. Problemet var at eg innerst inne sat med ei kjensle av at noko av interesse kunne skje, og at eg var komme for langt ut i filmen til å skru han av før eg forstod at det ikkje ville.

To gonger lo eg. Ingen av dei var på grunn av noko komisk. Dommen er klar.

For Your Consideration 2006 plakat - Filmdagbok