Forbidden Planet

Det var noko så kjent med denne filmen, som om eg hadde sett han før. Men det tok ikkje så altfor lang tid etter romskipet var landa på den forbodne planeten og mannskapet var komme i kontakt med Morbius før eg kom på at eg har fått servert desse skapningen før i ei anna form, nemleg i ein Donald Pocket.

Eg likar denne type science fiction-film. Spesielt miljøet er tiltrekkjande, dei flotte kulissene, kjekke kostyma og fråvære av dataanimasjon. No har då filmen spesialeffektar, men på langt nær i den grad som science fiction ofte har i våre dagar. Og det trengs derfor meir dialog for å fylle ut tida. Historia i Forbidden Planet vil eg ikkje kalle fyll derimot, for det er verkeleg ein viktig del av filmen å få fortalt historia til planeten.

Men, det er eit men. Militær autoritet er noko eg ser på med smale auger i utgangspunktet, det hjelp difor ikkje på at dei i filmen her oppfører seg på den dummaste og mest fordomsfulle måten eg har sett på lenge. Til tider irriterte dette meg så mykje at eg måtte banne.

Men filmen betra seg etter kvart, og eg sit igjen med eit rimeleg godt inntrykk.

Forbidden Planet 1956 plakat - Filmdagbok