Ford v Ferrari

Film · 2019 · · 1. august 2021
4/5

Ford v Ferrari fortel historia om Carroll Shelby og Ken Miles, som var med på laget då Ford gjekk inn med ambisjonen om å vinne billøpet Le Mans som varer i 24 timar.

Det er ein film om raske bilar, særeigne personar og kreativitet som møter motgang. Det er ein storfilm som også er innom mange andre poeng, som har til felles at dei er å forvente i ein slik film.

Det høyres noko negativt ut, en er skryt til fordel filmen. Eg meiner dette er ein ganske så komplett film, som overdriv mykje, men gjer det bra og oppnår god effekt.

Christian Bale og Matt Damon er dyktige skodespelarar, og trekkplaster. Dei spelar Miles og Shelby, som veit mykje om både å køyre bil og kva som skjer under panseret.

Oppbygginga til filmen er av det tradisjonelle slaget. Me skal til Le Mans, men må først gjennom ein del vanskelege stunder. Motstanden mot hovedpersonane lurer mange stader, ikkje minst hjå Ford som har gitt dei oppdraget.

Det er velkjente grep i fleng som utgjer Ford v Ferrari. Musikkbruken, filminga, den veldoserte humoren og ei sportsleg historie om å vinne i botn. Eg trur eg kan sei at Ford v Ferrari var akkurat det eg forventa han skulle vere, og det på ein bra måte.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og www.afilmlife.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.instagram.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
Ford v Ferrari 2019 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Matt DamonChristian BaleJon BernthalVis alle

Sjangrar

Land