Forgetting Sarah Marshall

Film · 2008 · · 7. juli 2008
4/5

Som min andre Judd Apatow-produserte film på kort tid, den første var den skuffande Drillbit Taylor, låg det stor spenning knytt til om denne kunne innfri forventningane. Generelt god omtale klarte aldri å riste av meg tanken om at dette kunne gå begge vegar, både Kristen Bell og Mila Kunis har trådd i salaten i kinofilmar tidlegare og skulle ha større biroller her.

Forgetting Sarah Marshall er først og fremst Jason Segel sin film, han har skrive manus og debuterer også i ei hovudrolle. Han er den forsiktige og følsomme typen som kan ta steget og gå ganske langt utanfor skalet sitt når situasjonane er dei rette. Han er inga tradisjonell mjuk person, men ein mann det går an å respektere. I Forgetting Sarah Marshall gjentar han denne rolla. Filmen styrer historia innpå følgjande, den kjente skodespelarkjærasten til Peter Bretter (Jason Segel) slår opp og Peter reiser derfor til Hawaii for å komme seg igjen etter brotet. På Hawaii er sjølvsagt ekskjærasten med hennar nye flamme.

I grove trekk er Forgetting Sarah Marshall gammalt nytt: Kvinne slår opp med mann, mann reiser bort, mann og kvinne er dømt til å møtast på reisemålet. Det er når eg går nærare inn på filmen at han skil seg ut. For i staden for å måke gjennom scene etter scene som om målet var å bli ferdig fortast mogleg tar filmen her for seg karakterane, behandlar dei med stødig hand og let etter kvart dei drive handlinga framover. Eg brydde meg ikkje om kva som kom til å skje minuttar fram i tid og aldri stod slutten som eit aktuelt spørsmål før slutten stod for døra. Her var det nok å kose seg meg der og da det skjedde. Dette var ein morosam, frisk og frekk film der rollene sit som støypt.

Noko lite, utan at eg klarer å sette fingeren på det, manglar for å gjere dette til den ultimate filmopplevinga. Det er likevel ingen hinder for å gjere dette til ein av dei beste komediane i sommar for min del.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Forgetting Sarah Marshall 2008 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jason SegelKristen Bell (I)Mila KunisVis alle

Sjangrar

Land