Fort Apache

Film · 1948 · · 17. februar 2020
3/5

Fort Apache er ein av dei tre filmane som utgjer noko som blir kalla kavaleritrilogien til John Ford, og var den første av dei tre filmane. I hovudrolla har me John Wayne. Henry Fonda og Shirley Temple spelar i andre store rollar.

Det byrjar med at obsertløytnanten Thursday, spelt av Henry Fonda, kjem til ein utpost. Han er ein streng regelryttar av eit militærbefal, men rettferdig og innanfor regelverket. Utposten har hatt litt for avslappa forhold til det å vere militære. Møte mellom desse to partane går ikkje smertefritt, og blir eit sentralt tema for heile filmen.

Fort Apache er ein film som tar seg god tid til å bygge miljø, skildre karakterar, og vise dagane slik dei utfaldar seg på utposten. Etter kvart dukkar det opp ei vanskeleg oppgave. Thursday bestemmer og vil følgje protokollen. Kaptein York, spelt av John Wayne, har andre meiningar.

Eg vil ikkje gå vidare innpå handlinga. Det er greitt å vite lite i forkant, og heller ta det inn over seg når det skjer. Men eg vil sei at eg likte filmen. Eg har sansen for måten situasjonane blir behandla på, spesielt av Thursday. Nokon av tinga han gjer, stiller eg spørsmål ved, men at han respekterer posisjonen sin i militærsamanheng, og klarar å skilje dei ulike rollane sine, er ryddig og rettferdig.

Det er nære ved å vippe til karakteren over, men eg tykte filmen kunne hatt litt meir av den gode bodskapen sin. Samtidig som han var litt i lengste laget.

Fort Apache 1948 plakat - Filmdagbok