Fort Massacre

Film · 1958 · · 29. juli 2021
3/5

I Fort Massacre går forteljina rett på sak. Me møter ei gruppe amerikanske soldatar som har blitt angripe av Apache-indianarar. Dei er få igjen i gruppa, og har fått nytt befal.

Soldatane har lite tiltru til det nye befalet, og nyttar alle sjansar til å ytre seg om det. Men dei kan ikkje stå på staden kvil, då dei har stort behov for vatn. Og å møte med ei større militærgruppering for å kunne takle eventuelt fleire angrep frå Apache-indianarane.

Det er ikkje godt å vite kven eg skal halde med i Fort Massacre, noko som gjer dette til ein tankevekkande film. Eg er usikker på om eg får vite alt som trengs, og kva motivasjonane til dei ulike handlingane er. På eit vis møter eg i filmen ei typisk misnøye og sladder formidla av soldatar med lågare rank. På ei anna side kjenner eg ikkje desse eller befalet godt nok til å gjere meg opp ei meining.

Det er altså både djupn og alminneleg spenning på gang i Fort Massacre. Ein film eg tok sjansen på, og blei positivt overraska over.

Les også meldingar på livius1.com (engelsk) og happyotter666.blogspot.com (engelsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på twitter.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
Filmfront-logo
Fort Massacre 1958 plakat - Filmdagbok