Four Christmases

Four Christmases er ein romantisk komedie med Vince Vaughn og Reese Witherspoon. Eit uoriginalt og slitsamt løp mellom klisjear på rundt 90 minuttar.

Etter at avgangen til flyet til Fiji blir utsett, går ordet ut til familiane til Brad (Vince Vaughn) og Kate (Reese Witherspoon) at dei er ledige til å komme på julebesøk. Familiane består av fire skilte foreldre, der alle på eit eller anna vis fyller ein irriterande stereotype du har sett i mange komediar før.

Det er klart frå tidleg i filmen kva retning Four Christmases er meint å ta. Filmspråket er på plass, klisjeane har sin plass i det føreseielege hendingsforløpet. Men det er ingen ting nytt eller uventa. Det er ingen karakterar å bli glad i, og det er mangel på god komedie.

Utan det fungerande sentimentale, og med eit anonymt preg på det meste, blir det ikkje julestemning ut av Four Christmases.

Four Christmases 2008 plakat - Filmdagbok

Dato

13. desember 2013

Forfattar


Skodespel

Vince Vaughn (I)Reese WitherspoonRobert Duvall (I)Vis alle

Merkelapp

Sjangrar

Land