Four Weddings and a Funeral

Film · 1994 · · 1. januar 2006
4/5

Eg må sei at etter å sett Love Actually, så har eg endra syn på Hugh Grant som skodespelar, og tykkjer han er blitt morosamt i staden for ein eindimensjonal kjekkas.

Denne romantiske komedien er ikkje meir enn heilt grei, men Hugh Grant er framleis artig. Historia er ikkje spesielt spennande, men følger i det minste det eg vil påstå er ein typisk britisk stil. Han har eit fåtal gode vitsar og poeng, men historia er totalt føreseieleg og tek vekk gleda eg kunne ha hatt av å sjå filmen.

Viss det var opp til meg, så ville ikkje dette ha vore den første langfilmen eg sette meg ned med i år, men så er det slik at det ikkje er opp til meg å bestemme kva som går på tv når eg ikkje har betre ting å finne på.

Four Weddings and a Funeral 1994 plakat - Filmdagbok