Frankenstein

At eg ikkje har sett denne før no vitnar om at eg er stygt slaura. Ei så stor rolle som Frankenstein har spelt for både science fiction og skrekk gjer han til obligatorisk i filmkanon, om eg skal få smørja tjukt på. Det held nok sikkert å lesa boka òg, men med denne klassikaren valde eg filmen.

Historia er så kjent at dei fleste må ha kome forbi ho i ei eller anna tolking. Eg har lese han i ein Donald Pocket. Her har du professor Frankenstein som skapar liv frå daud lekam, og der denne skapningen, kjent som monsteret til Frankenstein, går i mot skaparen sin. Tematikken er sentral i uendelege mange filmar i ettertid.

Frankenstein er rimeleg rett fram, men svært effektfull og ein utruleg fin film på mange måtar. Han får i stor grad fram tragedien i det heile og vert aldri tom monsterskrekk.

Frankenstein 1931 plakat - Filmdagbok