Frasier (1993–2004)

Serie / 20. juni 2014
4/5

Etter å ha sett meg gjennom ni sesongar av Frasier i vinter og vår, etter å ha sett dei førre sesongane av serien tidlegare, er dommen klar. Frasier er ein vittig komedie som held seg godt, både på tvers av sesongane og mange år etter oppstarten og avsluttinga til serien.

I løpet av dei elleve sesongane følger me Frasier Crane (Kelsey Grammer), hans bror Niles (David Hyde Pierce), faren Martin (John Mahoney), kollegaen Roz Doyle (Peri Gilpin) og terapeut og hushjelp Daphne Moon (Jane Leeves). Frasier er radiovert og psykolog, og er i lag med broren sjølvutnemnt connoisseur på mat og kultur.

Humoren i serien speler ut seg i form av kvasiintellektuelt snakk, krydra med enkel situasjonskomedie. Gjerne med utspring i misforståingar eller stemnemøte som Frasier har.

Ein av grunnane til at serien held seg godt frå første til siste sesong er at han ikkje endrar seg for mykje. Kall det repeterande, men serien finn fort si nisje og held seg der. Lite nytt skjer i mellommenneskelege forhold, bortsett frå eit og anna mindre grep, utan at det betyr mykje for humoren eller forholdet mellom karakterane. Det finst nok unntak, men eg går ikkje inn i detaljar.

Frasier er ein fin komedie å ha på lur, men ville ikkje fungert som ein maratonserie for min del. Mangelen på framdrift hindrar meg i å sjå meir enn maks ein time med episodar i slengen, som i og for seg er ganske bra.

Om serien er ein klassikar kan vel bli diskutert, men med god humor og stabilt gode episodar, og med lang fartstid, så er serien nemneverdig i historia til situasjonskomediane. Eg ville godt mogleg ha tatt med serien på ei topp ti-liste, men kampen om topplassane på den lista ville ha vore for hard.

Frasier 1993-2004 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

NBC

Skaparar

David Angell, Peter Casey, David Lee

Skodespelarar

Kelsey Grammer, Jane Leeves, David Hyde Pierce, Peri Gilpin, John Mahoney (I), Moose, Dan Butler, Tom McGowan, Edward Hibbert, Patrick Kerr

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Frasier

Forfattar