Freaks and Geeks

Serie
1999–2000
4/5

Så mykje å sei, så liten plass. Lat meg likevel starte med starten. Freaks and Geeks gjekk på tv mellom 1999–2000. Miljøet er sett til tidleg 1980-tal og bør vere kjent for dei fleste som har sett minst ein high school-komedie av John Hughes. Med serieformatet har Paul Feig, med hjelp av Judd Apatow klart å gi universet større djupne enn det film ofte har. Stereotypane er her, men dei har alle unike personlegdommar og overraskar stadig ved å vise kor tredimensjonale dei faktisk er.

Hyggeleg er det at skaparane har lagt sopass mykje vekt på å gjenskape 1980-talet at eg faktisk sit med inntrykk av å sjå ein serie som kunne ha vore laga den gong, stilmessig. Kanskje ikkje med tanke på oppbygging, men med ein truverdig variasjon. Musikken som er brukt er ei blanding mellom både god og kjent musikk. Tankane og ideane er tidsrette, og det verka ikkje som alle ideane frå og om heile 1980-talet er prøvd fanga her. Serien er likevel rik på inntrykk.

Det viktigaste til sjuande og sist er nok at karakterane er folk eg kan knyte meg til og vie merksemda mot. Dei viktigaste får alle nok skjermtid etter kvart, og når første sesong er over er runden via alle karakterane komplett. Nokon spørsmål om kor biroller blei av undervegs har eg, men alt i alt lykkast serien godt i å legge seg på linja der eg alltid får lyst til å sjå neste episode. Difor blei eg veldig fort ferdig med serien, som gav seg etter ein sesong, og difor har eg lyst å anbefale han vidare til folk flest.

Freaks and Geeks 1999-2000 plakat - Filmdagbok

Publisert

14. juli 2007 av

Skapar

Paul Feig

Skodespelarar

Linda Cardellini, John Francis Daley, James Franco, Samm Levine, Seth Rogen, Jason Segel, Martin Starr, Becky Ann Baker, Joe Flaherty (I), Busy PhilippsVis alle 168 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Freaks and Geeks