Freaks

Tod Browning regisserte denne bisarre og originale filmen om utskot blant sirkusutøvarar. Ein av dei er ein liten mann som heiter Hans, og som har forelska seg i den vakre, men forfengelege Cleopatra. Ho blir interessert i han også, men berre fordi han kjem til å arve mykje pengar.

Hans er allereie trulova, og ho prøver å fortelje han at Cleopatra berre utnyttar han. Men Hans vil ikkje høyre, noko som fører til at han seinare blir audmjuka. Cleopatra tilstår at ho foraktar alle kortvaksne, og at ho har ein affære men den sterke mannen Hercules.

Dei andre utskota på sirkuset vil utføre ei harsk og unik hemn på vegne av Hans.

Filmen er ikkje finpussa eller skummel, men er med på å skape ei uroleg kjensle hjå sjåaren, og den endelege avsløringa er ikkje til å gløyme.

Freaks 1932 plakat - Filmdagbok