Freaky Friday
Her har du ein klassisk kroppsbytefilm. Kor foreldre og barn misforstår kvarandre, og endar opp med å byte kropp i ein viss periode. Leksa å lære er korleis du vil handtere livet til ein annan, og skal ta lærdom av det. Enkelt sagt handlar ofte kroppsbytefilmar om vise kva empati er.
Det er nok derfor eg likar Freaky Friday så godt. Empati er noko eg verkeleg har sansen for. Mens mange snakkar om å sympatisere, vere altruistisk og slikt, er eg heller opptatt av kva empati er. Eg er ein rasjonell egoist, og ein empatisk person. Empati er evna til å forstå korleis andre har det. Altså ein sentral del av sosiale antenner. Korleis du handlar deretter eller føler om det, er ikkje gitt.
No handlar Freaky Friday også mykje om handlingane, men essensen er ei opplæring i å bli empatisk. Det er rasjonelt egoistisk å forstå korleis andre rundt deg har det, for å sjølv kunne få det best mogleg.
Dette blei mykje om anna enn filmen, som i tillegg til alt eg legg i han over er ein morosam komedie. Jamie Lee Curtis og Lindsay Lohan er eit radarpar og eit fint tilskot til ein sjanger som stort sett er mannsdominert. Kropp er jo ei fysisk greie, så å sjå handteringa til kvinner av problema som oppstår i samband med eit kroppsbyte har sin plass.

Manus
Skodespel
Jamie Lee Curtis • Lindsay Lohan • Mark Harmon • Harold Gould (I) • Chad Michael Murray • Stephen Tobolowsky • Christina Vidal • Ryan Malgarini • Haley Hudson • Rosalind Chao • Lucille Soong • Willie Garson • Dina Spybey-Waters • Julie Gonzalo • Christina Marie Walter • Lu Elrod • Heather Hach • Lorna Scott • Chris Carlberg • Danny Rubin • Hayden Tank • Cayden Boyd (I) • Marc McClure (I) • Chris Heuisler • Jeffrey Marcus • Jacqueline Heinze • Mary Ellen Trainor • Erica Gimpel • William Caploe • Daniel Raymont • Veronica Brooks • Lee Burns • Amir Derakh • Zoe Waters • Jeff Hoferer … Minimer … Vis alle