Freddy's Dead: The Final Nightmare

Sjette film i A Nightmare on Elm Street-franchisen.

Dette heng ikkje på greip. Den hittil dårlegaste filmen i serien startar med frisk blod. Det er ingen direkte samanheng til dei tidlegare filmane, om du ser bort i frå Freddy då. Robert Englund har fått lov til å stå øvst på rollelista dei siste tre filmane eller så. Han er utan tvil dei einaste skodespelaren som gjer seg verdig til tittelen skodespelar her.

Me får vite at alle barna i byen Springwood er døde, utanom ein. Han vaknar opp utan å hugse noko i ein av nabobyene og trekk med seg nye folk inn i marerittland. I løpet av filmen blir det tidlegare familielivet til Freddy nærare utforska, me får sjå Robert Englund for første gang utan brannsåra i ansiktet og oppleve han som ein sann psykopat i tillegg til eit monster i draumane. Denne sida ved filmen er saman med ein 10-sekundar lang cameo av Johnny Depp med på å trekke dette opp til å bli akkurat så lite dårleg at eg verken kjeder meg eller gler meg.

Det er veldig lite som er verdt å nemna om Freddy's Dead: The Final Nightmare. Det tok ein time før historia fekk eit lite fotfeste som i heile tatt forklarer kvifor dette er ein film og ikkje berre ein kompilasjon av ubrukt materiale frå avlyste A Nightmare on Elm Street-prosjekt. Eg ser likevel fram til den neste filmen i rekka, då Wes Craven er tilbake både som manusforfattar og regissør der.

Freddy's Dead: The Final Nightmare 1991 plakat - Filmdagbok