French Kiss

Ei kvinne spelt av Meg Ryan blir forlaten av sin kommande ektemann, då han på ei jobbreise til Frankrike blir forelska i ei anna kvinne.

Karakteren til Meg Ryan trassar flyskrekken sin, og krav om å bli verande i Canada inntil hennar søknad om statsborgarskap der er ferdig behandla, og reiser til Frankrike for å få mannen tilbake.

På flyet møter ho ein kriminell og brå type spelt av Kevin Kline, og resten er historie.

French Kiss er ein romantisk komedie som spelar på det at motsetningar tiltrekkjer kvarandre, og at handlinga til filmen er både ei geografisk reise og ei personleg reise for utvikling hjå protagonisten.

Det er ein fornøyeleg film, kor både Meg Ryan og Kevin Kline spelar godt i lag og mot andre. Det er ukomplisert, men ein passe rik film på inntrykk. Gangen er ikkje uventa, men gjer dette til ei trygg filmoppleving, som gjerne kan fungere for romantiske filmar.

Filmen har tålt tida heilt greitt stort sett, men det kjennest litt datert her og der. Eg prøver å ikkje la meg påverka, men sit igjen med inntrykket av at deler kunne ha blitt gjort betre. Det er nok mest pirk.

French Kiss 1995 plakat - Filmdagbok