French Toast

Film / 2015
2/5

Sør-Afrikansk romantisk komedie med dårleg produksjonskvalitet. Det er French Toast i eit nøtteskal.

Det handlar om ei ung kvinne som drar til Paris for å finne eit søsken som mora adopterte bort for over 30 år sidan. På jakta av eit søsken, møter ho kjærleiken.

Heime i Sør-Afrika styrer faren på med vingarden sin, og vil at ho skal komme heim igjen for å gifte seg med ein ung mann som hjelper faren med å drive vingarden.

Til å vere ein nyare film, så er bilde og lydkvaliteten i French Toast svært variabel. I blant verkar det som at filmen er spelt inn på mobiltelefon. Det er eit flatt bilde, utan godt lys eller fine fargar. Lyden er hol. Så glimtar filmen i blant til med fine bilder og god lyd.

Eg ønsker at ein romantisk komedie skal vere behageleg og fin. Når innpakninga blir dårleg så forsvinn magien i filmen fort. Det er også andre ting å setje fingeren på, som i ei oppbygging med samtalar og klypping som gjer det vanskeleg å henge med på samanhengen på detaljnivå. Det er vesentleg for filmen.

Det får bli nok om French Toast, som er ein film du kan styre unna.

French Toast 2015 plakat - Filmdagbok