Fresh Meat (2011–2016)

Serie / 14. april 2016
3/5

Seks collegestudentar som ikkje har fått plass på campus flytter inn i et universitetshus i lag. I denne britiske 45 minuttarskomedien følger me desse gjennom fyll, fest, latskap og kjærleik.

Fresh Meat går ikkje djupt når det gjeld handling. Det er nokon mindre unntak. Eit av dei er ein parodi av et kjærleiksdrama mellom to personar i huset som aldri går nokon veg. Elles er det dynamikken mellom personane som driv episodane.

Personane utgjer et fargerikt galleri. Alle er like interessante og har morosame særpreg ved seg. Det som driv serien på tvers av episodane er om dei vil holde fram med sitt eller bli opplyste.

Universitetshuset er som et moderne Animal House. Det er festing og fyll, og huset er rotete. Men humoren i Fresh Meat er meir typisk britisk. Han er frekkare og sit lengre inne. Episodane som skjer er opplagde nok, men held også litt tilbake.

Med i serien er Joe Thomas frå The Inbetweeners. Robert Webb frå Peep Show har en gjentakande gjesteframferd. Serien er laga av Sam Bain og Jesse Armstrong som også står bak Peep Show.

I løpet av si levetid held stort sett serien same kvalitet. Karakterane blir derimot eldre, og spesielt siste året blir det prøvd å gjere ei greie ut av at seriøsiteten ligg og lurer. Eg veit ikkje helt om dette fungerer så godt som serien i starten. Sett på ein annan måte så tar serien seg tid til å bygge opp mot en skikkeleg avslutting. På sett og vis har eg sansen for at ein serie som denne gjer et så stort nummer ut av akkurat det.

Fresh Meat 2011-2016 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Channel 4

Skaparar

Jesse Armstrong, Sam Bain

Skodespelarar

Zawe Ashton, Greg McHugh, Kimberley Nixon, Charlotte Ritchie, Joe Thomas (XIX), Jack Whitehall, Tony Gardner (I), Jelka van Houten, Sophie Wu, Faye Marsay

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Fresh Meat

Forfattar