Frida - med hjertet i hånden

Frida er 13 år. I løpet av sommarferien har ho oppdaga ei bok som heiter Om kjærligheten. Ho tar utgangspunkt i boka når ho vil betre kjærleikslivet til vennene sine, og si skilte mor. Det får stort sett katastrofale følger.

Frida er veldig opptatt av kjærleik. Ho forelskar seg sjølv stadig vekk. Dette følgjer vennen Kristian med på med ei oppgitt mine. Men det er ein gong slik at kjærleiken verkar på mystiske måtar.

Eg har sett Frida - med hjertet i hånden to gonger. Begge gongene har han vore sånn litt under midt på treet. Eg har ingen forhold til filmen frå barndomen av, men såg han første gong i 2010. Så det pregar nok opplevinga mi. Det er mest interessant for meg som eit tilbakeblikk til Noreg på tidleg 1990-tal. I tillegg er han litt morosam i blant.

Frida - med hjertet i hånden 1991 plakat - Filmdagbok