Frida og det urolige hjertet

Film · 1992 · · 16. februar 2021
3/5

Frida og det urolige hjertet er ein av tre Frida-filmar. Det er ein sokalla novellefilm på 40 minuttar, som første gong blei vist på NRK i 1992. Filmen er ein oppfølgjar til filmen Frida, men kom likevel ikkje før etter kinofilmen Frida - med hjertet i hånden. Det er ikkje kjent kvifor filmen, som blei spelt inn i 1990, først blei redigert ferdig og kom ut i 1992.

I korte trekk handlar dette som alt anna av Frida-filmar, som er kjærleik. I denne filmen innbillar Frida seg at folk er forelska i ho, sjølv om dei kanskje ikkje er det. I tillegg så legg ho seg borti krangelen mellom foreldra til naboguten.

Det som er festleg med Frida og det urolige hjertet er humoren. Både frivillig og ufrivillig humor er det nok av, så 40 minuttar går langt greiare enn eg kanskje hadde forventa. Bilde- og lydkvalitet er ikkje akkurat topp, men godt nok.

Mest av alt er dette ein ikkje altfor gammal raritet som eg ikkje visste om før no nyleg, og som er greitt supplement til Frida - med hjertet i hånden.

IMDb-logo
Frida og det urolige hjertet 1992 plakat - Filmdagbok