Frida

Film · 1989 · · 14. februar 2021
3/5

Frida er ein norsk novellefilm regissert av Berit Nesheim. Han blei sendt i to deler på Midt i smørøyet i 1989, og har ei total lengd på 40 minuttar. Filmen har i stor grad dei same skodespelarane som Frida - med hjertet i hånden.

Det handlar om 11 år gamle Frida spelt av Maria Kvalheim. Ho er ei ung jente som er i ferd med å oppdage kjærleiken for første gong. Frida er i ferd med å bli ungdom. Søstera hennar på 15 år, Kaisa, er oppslukt av gutar og les klissete ungdomsblad. Frida synst at Kaisa oppfører seg kjempeteit og har aldri tenkt å bli slik, men så byrjar ho å endre seg.

Dette er den første av totalt tre Frida-filmar som kom. Novellefilmen er etterfulgt av ein annan novellefilm i 1992, Frida og det urolige hjertet. Han blei spelt inn før, men ikkje sendt på NRK før etter kinofilmen Frida - med hjertet i hånden, men er kronologisk sett film nummer to i rekka.

IMDb-logo
  • Frida 1989 plakat - Filmdagbok
  • Frida 1989 plakat - Filmdagbok