Friday Night Dinner

Serie / 2011–2018
4/5

Friday Night Dinner er ein fantastisk britisk komiserie om ein liten familie som kvar fredag et middag i lag. Desse fredagane er ofte gjenstand for kaos, komplikasjonar, konfliktar og generelt komedie.

Alle fire i familien her har noko for seg, både som skodespelarar og karakterar. Episodane flyg unna, og eg kan ikkje få nok. Ein bonus er det kvar gong naboen, spela av Mark Heap dukkar opp.

Kjemien blant karakteren er også superb. Søskena plagar kvarandre konstant, og små artige innslag i fleng gjer dette både naturleg og rikt.

I skrivande stund har eg sett fem sesongar av serien. Sjette sesong kjem i 2020.

Friday Night Dinner 2011-2018 plakat - Filmdagbok