Friday Night Lights (2006–2011)

Serie / 17. august 2011
4/5

NBC-dramaet har komme til slutten og fem år skal bli oppsummert. Serien om high school og amerikansk fotball har vunne Emmy og fostra eit par yngre skodespelarar inn i filmverda.

Friday Night Lights har servert ei god blanding av drama og sport, vaksne og ungdom og var lett å bli hekta på. Første sesong handlar om første sesong til trenaren Eric Taylor (Kyle Chandler) med laget West Dillon Panthers, og den strabasiøse vegen mot state championship. Ein veg som er full av skadar, drama, Texas, religion og rasisme.

Så kom andre sesong med litt mindre tid på fotball, litt meir tenåringsdrama og tilfelle av karakterar som var i ferd med å gå på tomgang. Framleis hadde serien ein raud tråd som baud på spenning, der utfallet av første sesong spela ei sentral rolle.

Tredje sesong var mindre nødvendig, eit år prega av interne konfliktar som eg hugsar best som ei sesonglang oppbygging til den nye byrjinga som fjerde sesong blei.

Då fjerde sesong rulla i gang var Eric Taylor allereie blitt trenar for et nytt lag, East Dillon Lions, på andre sida av byen. Å ta serien i ei ny retning var eit klokt val då dei sentrale karakterane frå tidlegare sesongar var klare for college. Nokon blei igjen og andre kom innom i gjentakande gjesteroller, men tredje sesong introduserte i stor grad ny ungdom med nye problem.

Meir fotball igjen gjorde serien på nytt interessant, men for ein fan av kva serien var i første sesong blir det vanskeleg å unngå samanlikninga. Det friske pustet gjekk fort over, og sjølv om han ikkje blir dårleg blir serien i fjerde sesong ein skugge av fortida.

Femte sesong vart ein hakket meir krevjande sesong å komme gjennom enn dei førre då autopiloten blinka kraftig, igjen, framleis ikkje dårleg, men nesten heilt nødvendig og sjå i maratonmodus for å få framdrift og utbytte.

I korte trekk ser me at serien ikkje er den som gir størst utbytte over tid. Byrjinga er vel verdt å få med seg, det er eg ikkje i tvil om, men etter andre sesong handlar ikkje serien om å utforske nye problemstillingar lengre. Han held framleis fram med å levere gjennomsnittleg godt tv-drama, men blir for tynn for dei som er på jakt etter å verkeleg vere hekta.

Friday Night Lights 2006-2011 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Friday Night Lights, NBC

Skapar

Peter Berg (I)

Skodespelarar

Kyle Chandler (I), Connie Britton, Aimee Teegarden, Brad Leland, Taylor Kitsch, Jesse Plemons (I), Zach Gilford, Derek Phillips, Blue Deckert, Minka Kelly

Sjangrar

Drama, Sport

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Friday Night Lights

Forfattar