Friday the 13th: A New Beginning

Film · 1985 · · 27. mars 2008
2/5

Denne litt snåle greia var det første vonbrotet, ikkje eit stort eit, men likevel eit vonbrot. For det første – her får det så vere at eg røper poenget – Jason er utelate frå filmen.

Det heile går føre seg på eit ungdomsanstalt utan ei guffen Crystal Lake-stemning. Interessant er det å sjå ein rollefigur frå Friday the 13th: The Final Chapter bli spelt av ein ny skodespelar, som får lov til å spele gjennom heile filmen og ikkje berre vere senter for opningssekvensen.

Overkommeleg film, ingenting å skrive heim til mor om.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Friday the 13th: A New Beginning 1985 plakat - Filmdagbok