Friday the 13th Part VIII: Jason Takes Manhattan

Smak på tittelen. Litt musikalaktig som i The Muppets Take Manhattan kanskje?

Her handlar det om ungdommar, igjen, og Jason. Handlinga går føre seg på eit cruise som er på veg mot New York. Høgdepunktet i filmen er sjølvsagt ved framkomsten.

Det er ikkje heilt bra dette. Jason i store folkemengder blir rart og feil, men det fungerer akkurat greitt nok likevel. Når eg har kome meg så langt i filmserien veit eg jo kva eg går til, så forventingane var justert.

Friday the 13th Part VIII: Jason Takes Manhattan 1989 plakat - Filmdagbok