Friends from College

2017–2019 / Serie
22. januar 2019
3/5

Friends from College er ein Netflix-serie om seks personar som har gått på college i lag, og halde kontakte sidan den gong. Dei er i byrjinga av 40-åra og har alle flytta til New York, der liva deira er prega av ikkje fullt så problemfri romantikk.

To av seriens gifte karakterar har vore utru i lag sidan ungdommen av, og dette får store konsekvensar for alt og alle utover i seriens første sesong.

Serien er på veg mot å bli god, men manglar det siste på vegen. Ingen av karakterane stikk seg ut som spesielt interesserte. Fleire av episodane har sekvensar som dreg ut, der eit og same poeng blir gjenteke til det kjedsommelege.

Men typen komedie serien går for er likandes. Det er litt på kanten, i form av at det er over toppen og ikkje fullstendig realistisk. Forviklingane er samanfletta og på toppen av kvarandre, noko som gjer liva og avgjerslene til karakterane komiske.

Friends from College kan fort gå under radaren, men er ein fin og ikkje altfor lang serie å krydre seriekvardagen med.

Friends from College 2017-2019 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg

Merkelapp

Netflix

Skaparar

Francesca Delbanco, Nicholas Stoller

Skodespelarar

Keegan-Michael Key, Fred Savage, Nat Faxon, Annie Parisse, Jae Suh Park, Cobie Smulders, Billy Eichner, Greg Germann, Zack Robidas, Francesca DelBanco

Sjangrar

Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Friends from College

Forfattar

Asbjørn Ness