Friends with Kids

Eg er blant dei folka som stadig blir lurt kvar gong ein stjernefylt romantisk komedie blir lansert. Dette er fordi eg alltid er svolten på ein ny film som Knocked Up eller Forgetting Sarah Marshall.

Dei fleste gongene går det dårleg. Det skjedde med Friends with Kids. Ein film som verken er meir eller mindre god eller dårleg enn ein gjennomsnittleg romantisk komedie, maskert i frekke dialogar. Men å bruke fuck you like shit i ei tilsynelatande hjarteskjerande scene hjelp lite på å gjere filmen unik eller betre enn gjennomsnittet. Eg hadde likt det om det var truverdig, men her blir det som om dei prøver for hardt.

Eg likte nokon scener med stjernene Adam Scott og Jennifer Westfeldt, men resten blir berre for å fylle ut tida.

Friends with Kids 2011 plakat - Filmdagbok