Friends with Money

Film · 2006 · · 10. oktober 2006
3/5

Denne filmen er kjedeleg. Det er som at eg har bladd opp ein episode av ein kva som helst dramakomedie frå tv. Det treng ikkje vere ein dårleg serie, men eit drama som gjer seg best som serie.

Det som gjer filmen kjedeleg er at han nesten ikkje har noko utvikling, men berre er masse sladdersnakk mellom venner og folk me ikkje har noko spesielt grunnlag for å interessere oss for. Mange andre filmar består stort sett av snakking på sett og vis og, som fleire av filmane til Woody Allen, men der er det eit høgare intellektuelt nivå i samtalane.

Skodespelarane i filmen har eg ikkje noko å utsette på, dei gjer stort sett det dei kan. Sidan eg ikkje har nokon forhold til Friends så gjer Jennifer Aniston stort sett det greitt i dei filmane eg ser ho i. I denne filmen er ho dama i vennegjengen som ikkje er gift, ikkje har særleg mykje pengar eller god jobb, men ho klarar seg fint utan å klage særleg – noko som ser ut til å vere vanleg i forholda til venninnene, spelt av Frances McDormand, Joan Cusack og Catherine Keener.

Men det blir kjedeleg, og den fine slutten klarar ikkje rette opp det at det skjer veldig lite. No er det sikkert ikkje målet til filmen, og han skal ha eit pluss for at han har tatt avstand frå å vere ein typisk romantisk komedie i sitt forsøk, og har prøvd å skape noko eige.

Friends with Money 2006 plakat - Filmdagbok